Vi er glade for å bli omtalt i Møre nok ein gong. Denne gongen handlar det om vekst, fagleg breidde og nye tilbod til befolkninga i regionen.


Spesialisthuset har den siste tida styrkt laget med både ortoped og urolog, og vi er samtidig i gang med fleire nye og spennande satsingar. Målet er det same som alltid: å tilby tilgjengelege, trygge og fagleg solide helsetenester – lokalt.
Blant dei nye tilboda finn ein vaksinasjonstenester, kvinnehelse, samt eit strukturert og fagleg forankra program for overvekt.
At Spesialisthuset blir lagt merke til, opplever vi som ei stadfesting på at det vi byggjer er relevant, nødvendig – og i takt med behovet i regionen. Vi set stor pris på interessa, og ser fram til å utvikle tilbodet vidare i tida som kjem.
Les saka på mre.no:
https://mre.no/nyhende/spesialisthuset-veks/19.26764