
Ein ortoped er lege som er spesialist på sjukdommar, skadar og plagar i skjelett, ledd, musklar og sener. Ortopeden vurderer både akutte skadar og langvarige plagar.
Behandlinga kan spenne frå enkle tiltak og råd til vidare utgreiing eller kirurgi.
Ortopeden kan hjelpe deg med mellom anna:
✓ Smerter i hofte, skulder, kne, hand eller fot
✓ Idrettsskadar, senebetennelsar og overbelastningsplagar
✓ Slitasjegikt (artrose) og stive ledd
✓ Skadar i sener, leddband og menisk
✓ Brot og plagar etter tidlegare brot
✓ Oppfølging etter ortopedisk kirurgi


Utgreiing i spesialisthelsetenesta startar med ein konsultasjon. Gjennom samtale og relevante undersøkingar kartlegg vi plagene dine, vurderer mogleg diagnose og avklarar behova dine. På dette grunnlaget legg vi ein individuell plan for vidare utgreiing eller behandling. Nokre undersøkingar eller behandlingar kan krevje ein eigen time eller tilvising vidare.
- Kartlegging av dine plager gjennom samtale (anamnese)
- Klinisk undersøking
- Diagnose der dette kan stillast direkte
- Plan for vidare utgreiing eller behandling.
Dersom du treng undersøking eller behandling som vi ikkje tilbyr, kan vi tilvise deg vidare til sjukehus eller annan behandlar. Ved tilvising til offentleg sjukehus vurderer sjukehuset tilvisinga og avgjer behovet for helsehjelp, prioritet og tidspunkt. Treng du medikamentell behandling, kan dette startast av oss.
Målet er at du skal få ei trygg, effektiv og fagleg god vurdering. Og alltid vite kva som er neste steg.
Vi tar imot pasientar frå heile regionen, inklusive Ålesund, Molde, og Nordfjord.
Informer om tidlegare skadar eller behandlingar. Du kan få vurdert relevante røntgenbilete eller annan dokumentasjon, om du har dette tilgjengeleg. Gi i så fall melding i forkant (ved timebestilling) då dette krev meir tid.
Du får ei grundig vurdering av plagene dine hjå spesialisten. Nokre undersøkingar og prosedyrar kan gjerast under konsultasjonen mot eit pristillegg, medan andre undersøkingar og behandlingar krev ein eigen time. Vi vurderer kva som er medisinsk eigna, og avklarar eventuelle tilleggskostnader med deg på førehand.
Du får ei vurdering av aktuell behandling og ein plan for vidare utgreiing eller oppfølging. Eventuelt behov for tilvising blir avklart under konsultasjonen. Ved tilvising ligg ansvaret for vidare oppfølging av tilvisinga og innkalling hjå dei vi tilviser deg til, dersom ikkje anna er avtalt.
