Cystoskopi

Ei enkel og verdifull undersøking

Ved enkelte plager og symptom frå urinvegane er ei undersøking med cystoskopi viktig. I motsetnad til det mange trur, er dette ein enkel, rask og lite plagsam prosedyre.
Sjå ledige timarGå til prisoversikt
Illustrasjonsbilete frå Spesialisthuset
Illustrasjon av cystoskopi
Cystoskopi
3500,-
Med eller utan tilvising
Bestill time

Pris for konsultasjon kjem i tillegg

• Ingen ventetid.

• Bestill konsultasjon med urolog om du har meir diffuse plagar, eller for ein avklaring om cystoskopi er indisert.

Før, under og etter

Forberedelser ikon med sjekkliste

Kva førebuingar må eg rekne med?

Like før undersøkinga vil du bli beden om å tømme urinblæra på toalettet. Dersom du brukar blodfortynnande medisinar, er det viktig at du gir beskjed om dette på førehand, slik at vi kan planleggje om eventuell pause i behandlinga er nødvendig.

Under proseyren et sykehusbygg

Kva skjer under konsultasjonen?

Undersøkinga er raskt gjort og er vanlegvis heilt smertefri.

Etter prosedyren bilde av et plaster

Kva må eg tenkje på etterpå?

Du vil vanlegvis ikkje merke nokon forskjell før og etter undersøkinga. Nokre kan oppleve blod i urinen dei første dagane etter undersøkinga. Dette er heilt normalt og kjem av små rifter som kan oppstå i slimhinna i urinblæra under prosedyren. Desse vil gro av seg sjølve i løpet av få dagar. Det er noko auka risiko for infeksjon (blærekatarr) etter prosedyren, og det er difor viktig å drikke rikeleg med væske etter undersøkinga. Dersom du merkar symptom som kan tyde på infeksjon etter undersøkinga, ber vi deg ta kontakt med oss på Spesialisthuset eller med fastlegen din.

Behandlingsanvarleg lege urologi
Stian Bjørkedal Dahle – Urolog
Stian Bjørkedal Dahle | Urolog
1
2
3
Kontakt oss

Få med deg siste nytt frå Spesialisthuset

Eg kan når som helst melde meg av. Les personvernerklæringa.
Takk! Du er no meldt på nyheitsbrevet.
Noko gjekk gale. Kontroller e-postadressa og prøv igjen.