

Vi veit at mange ønskjer rask tilgang til spesialist. Spesialisthuset i Ørsta gir deg tilgang til erfarne legespesialistar, utan tilvising og utan ventetid. Du møter dyktige og erfarne legar og sjukepleiarar som tek ansvar, frå første vurdering til ferdig behandling.
Vi legg vekt på å løyse problema dine raskt, trygt og skånsamt. Du kan sjølv velje lege og tidspunkt som passar deg. Nedanfor kan du lese meir om dei mest etterspurde tenestene våre, mellom anna mannleg sterilisering, behandling av hemoroidar og åreknutar og spesialistkonsultasjonar.


Vi brukar Helseboka til timebestilling, videokonsultasjonar og sikker kommunikasjon. Du loggar inn med BankID og vel behandling, spesialist og tidspunkt som passar deg. Videokonsultasjon er eit trygt og enkelt alternativ når det er eigna. Du kan få prøvesvar og meldingar frå behandlaren din direkte i Helseboka.
Ta gjerne kontakt om du treng hjelp!

Følg oss på sosiale medier og hald deg oppdatert på våre tilbod og vår utvikling!