Leddinjeksjonar

Injeksjonsbehandling ved ortoped

Skal du behandlast med injeksjonar i ledd, er det viktig å vite at det er rett behandling for deg. Hos oss får du tenesta med vurdering av ortoped inkludert. Våre ortopedar har lang erfaring, og er erfarne protesekirurgar. Dei er dyktige når det gjeld å velje rett strategi for dine ledd og sener.
Sjå ledige timarGå til prisoversikt
Illustrasjonsbilete frå Spesialisthuset
Illustrasjon av leddinjeksjonar
Leddinjeksjonar
Frå kr. 3000,-
Konsultasjon med ortoped inkludert
Bestill time

Kortisoninjeksjon | 3000,-

Hyaluronsyre | 3500,-

PRP 1 behandling | 5200,-

PRP vidare behandling | 5000,-

  • Pris per ledd
  • Vurdering og behandling av erfaren ortoped
  • Ultralydrettleidd injeksjon ved behov
  • Om injeksjon ikkje er indisert, betalar du berre for konsultasjonen

Før, under og etter

Forberedelser ikon med sjekkliste

Kva førebuingar må eg rekne med?

Konsultasjon med erfaren ortoped som vurderer rett behandling. Gi informasjon om medisinar, særleg blodfortynnande. Unngå betennelsesdempande smertestillande før og like etter PRP. Du treng ikkje faste for prosedyra.

Under proseyren et sykehusbygg

Kva skjer under konsultasjonen?

Området blir undersøkt, eventuelt med ultralyd. Ved PRP tek vi ein blodprøve, og framstiller PRP. Injeksjonen blir gitt under sterile tilhøve. Behandlinga tek vanlegvis ca 30 minuttar.

Etter prosedyren bilde av et plaster

Kva må eg tenkje på etterpå?

Lett ubehag eller smerte er normalt, særleg etter PRP. Unngå tung fysisk belastning dei første dagane. Paracetamol kan brukast ved behov (unngå NSAIDs etter PRP). Effekten av behandling kjem raskt ved kortison, meir gradvis ved PRP og hyaluronsyre Ta kontakt ved aukande smerter, feber eller teikn til infeksjon.

Behandlingsanvarleg lege ortopedi
Harald Topphol | Spesialist i ortopedi
1
2
3
Kontakt oss

Få med deg siste nytt frå Spesialisthuset

Eg kan når som helst melde meg av. Les personvernerklæringa.
Takk! Du er no meldt på nyheitsbrevet.
Noko gjekk gale. Kontroller e-postadressa og prøv igjen.