Om oss

Våre verdiar og vår visjon

Lat oss fortelje deg om kven vi er, og kva vi ønsker å tilby deg som vår pasient.

Trygghet emblem

Tryggleik

Hjå oss kan du føle deg trygg.
Slapp av og lat oss passe godt på deg.
Kompetanse emblem

Kompetanse

Vi er nerdar i vårt fag.
Vi set vår ære i å tilby oppdatert og best behandling.
Tilgjengelighet emblem

Tilgjenge

Vi vil være ei helseteneste for alle.
Når du treng det.

Velkomen til Spesialisthuset!

Vi er din lokale privatklinikk med spesialkompetanse innan eit breitt spekter av kirurgiske fagfelt.
Bilde av fire helsearbeidere iført Spesialisthusets sykehusuniform (scrubs).
Vi er stolte av å tilby behandling av høgaste kvalitet, der tryggleik, kompetanse og tilgjenge står i fokus. Vårt team av erfarne spesialistar og dedikerte medarbeidarar jobbar saman for å sikre at du som pasient får den beste behandlinga tilgjengeleg og ei pasientreise på første klasse.

Vi tek oss tid til å lytte til dine behov og skreddarsyr ditt behandlingsopplegg. Med moderne utstyr og oppdatert kunnskap sørger vi for at du føler deg ivareteken i alle ledd av prosessen, frå første konsultasjon til siste kontroll.

Vår visjon er å tilgjengeleggjere spesialistbehandling utan ventetid, der du bor. Vi veit at helseproblem er belastande, og  jobbar difor for å redusere ventetid og gjere det enkelt for deg å få hjelp når du treng det.
Anten det handlar om ei rutinemessig vurdering eller ei meir omfattende behandling, kan du stole på at du er i trygge hender i Spesialisthuset.
Bilde av fire helsearbeidere iført Spesialisthusets sykehusuniform (scrubs).
Trygghet emblem

Trygghet

Hos oss kan du føle deg trygg.
Slapp av og la oss passe godt på deg.
Kompetanse emblem

Kompetanse

Vi er nerder i vårt fag.
Vi setter vår ære i å tilby oppdatert og best behandling.
Tilgjengelighet emblem

Tilgjengelighet

Vi vil være en helsetjeneste for alle.
Når du trenger det.

Vårt team

Les om vårt team av kompetente og hyggelege medarbeidarar.
Jon Hjorthaug profilbilde
Generellkirurg og gastrokirurg | Fagansvarleg lege
Jon Hjorthaug profilbilde

Jon Backer Hjorthaug er dobbeltspesialist i generell kirurgi og gastrokirurgi, med brei erfaring frå både universitetsjukehus og lokalsjukehus, og har no fast stilling som overlege ved kirurgisk avdeling på Volda sjukehus.

Jon har brei erfaring innan kirurgifaget med spesialkompetanse innan anoproktologi, brokkirurgi og fedmekirurgi, og er særlig oppteken av å utvikle effektive og pasientvennlege behandlingsforløp, spesielt innan dagkirurgi.

Han møter pasientane på ein roleg og tillitsvekkande måte, og er god til å formidle informasjon enkelt og tydeleg. Han er fagansvarleg lege i Spesialisthuset.

Halvor Salthammer profilbilde
Generellkirurg og gastrokirurg | Dagleg leiar
Halvor Salthammer profilbilde
Halvor Kjørholt Salthammer er dobbeltspesialist i generell kirurgi og gastrokirurgi, med erfaring frå fleire av landets største sjukehus. Han har jobba som teamleiar for traumeteamet ved Oslo universitetssjukehus Ullevål, og har hatt stillingar ved Rikshospitalet, OUS Aker og Sjukehuset i Vestfold Tønsberg.

Han har brei klinisk erfaring og held seg fagleg oppdatert. Han har spesialkompetanse innan anoproktologi, brokkirurgi og fedmekirurgi, med særleg fokus på struktur og kvalitet i pasientforløp.

I tillegg til fast stilling som overlege på kirurgisk avdeling ved Sjukehuset i Volda, er han dagleg leiar ved Spesialisthuset, der han arbeider med å utvikle effektive og trygge pasienttenester.

Halvor underviser frivillig som ATLS-instruktør (kurs i behandling av alvorlig skadde pasientar for legar) og er redningsklatrar i NARG (Norske alpine redningsgrupper). Han legg vekt på tydeleg kommunikasjon og ei god pasientoppleving.
Torunn Hjorthaug profilbilde
Sjukepleiar
Torunn Hjorthaug profilbilde

Torunn Ringset Hjorthaug tok sjukepleiarutdanninga på Aker sjukehus i Oslo, og var ferdig utdanna i 1996. Sidan 2002 har ho vore tilsett i akuttmottaket ved Volda sjukehus, der ho har opparbeida seg brei erfaring innan akuttmedisinsk sjukepleie og pasientbehandling.

Torunn har også lang erfaring med drift av dagkirurgi, og har ei praktisk og løysingsorientert tilnærming til effektiv pasientlogistikk og trygg behandling. Ho tek godt vare på deg, både før og etter kirurgiske prosedyrer.

TAnja Belik profilbilde
Sjukepleiar | Jordmor
Tanja Belik profilbilde

Tanja Belic er sjukepleiar og jordmor med fleire års erfaring frå akuttmottak, intensivavdeling og føde-/gynekologisk mottak ved Ullevål. Ho har mastergrad i jordmorfag frå Universitetet i Søraust-Noreg i Tønsberg, og jobbar i dag som jordmor ved Sjukehuset i Volda.

Ho har også vidareutdanning i ultralyd, og kombinerer brei klinisk erfaring med trygg og fagleg oppdatert oppfølging av pasientar.

Tanja er kjent for sitt rolege vesen, faglege grundigheit og evne til å møte pasientar med både varme og profesjonalitet. Ho er ein viktig del av teamet ved Spesialisthuset, med særskilt kompetanse innan kvinnehelse.

Gunnar Dagslott profilbilde
Ortoped
Gunnar Dagslott profilbilde

Gunnar Dagslott er spesialist i ortopedisk kirurgi med lang og brei erfaring frå både offentleg og privat verksemd, også som seksjonsleiar ortopedi i Volda. Han har drive allsidig ortopedi med særleg spesialkompetanse innan artroskopi, skulderkirurgi og protesekirurgi.

Gunnar er fagleg grundig, praktisk orientert og oppteken av å finne gode løysingar som gir pasienten betre funksjon og livskvalitet.

Ved Spesialisthuset tilbyr han ortopediske vurderingar og kirurgisk behandling.

Ortoped
Gunnar Dagslott profilbilde

Harald Topphol er spesialist i ortopedisk kirurgi med lang og brei erfaring frå fleire sjukehus.

Han er grundig, omsorgsfull og oppteken av at pasientane skal få trygg og effektiv behandling.

Ved Spesialisthuset tilbyr han ortopediske vurderingar og kirurgisk behandling.

Stian B. Dahle profilbilde
Urolog
Stian B. Dahle profilbilde

Stian B. Dahle jobbar til dagleg i fast stilling som urolog ved Sjukehuset i Volda. Han har tidlegare opparbeidd solid erfaring gjennom arbeid ved både Haukeland universitetssjukehus og Ålesund sjukehus, og har brei kompetanse innan utgreiing og behandling av urologiske tilstandar.

Stian er ein viktig fagressurs i Spesialisthuset sitt tilbud innan urologi, og bidreg til at pasientene får rask og trygg tilgang til spesialistvurdering og behandling.

Eivind Vinjevoll profilbilde
Anestesilege
Eivind Vinjevoll profilbilde

Eivind Vinjevoll er spesialist i anestesiologi med lang og brei erfaring frå akutt- og intensivmedisin. Han har arbeida i ei årrekke ved Volda sjukehus, i periodar som seksjonsleiar. Eivind er kjent for sitt faglege engasjement og trygge framtoning i krevjande situasjonar.

I Spesialisthuset vil Eivind ha ansvar for anestesi ved kirurgiske inngrep som krev sedasjon eller narkose. Han er oppteken av trygg, effektiv og personleg tilpassa anestesi og spelar slik ei nøkkelrolle i utviklinga av vårt dagkirurgiske tilbod med fokus på kvalitet, tryggleik og pasientkomfort.

Martin Hæreid profilbilde
Strategisk rådgivar
Martin Hæreid profilbilde

Martin Hæreid er strategisk rådgivar for Spesialisthuset, og har vore ein viktig del av vårt advisory board sidan oppstarten. Han har erfaring frå The Boston Consulting Group, der han har drive med prosjekt innan forretningsutvikling, driftseffektivisering og strategiimplementering.

Martin er utdanna innan strategi, økonomi og informatikk frå NTNU, og har omfattande kompetanse innan analyse, operasjonell forbetring og kommunikasjon. Han kombinerer analytisk presisjon med forretningsforståing og evner å gjere komplekse idear tydelege og handlingsorienterte.

Gjennom sitt engasjement i Spesialisthuset bidreg Martin med struktur, retning og verdifull innsikt i utviklinga av ei moderne, pasientfokusert helseteneste.

Få med deg siste nytt frå Spesialisthuset

Tusen takk - vi setter stor pris på din interesse!
Oops! Noe gikk galt under innsendingen av skjemaet. Forsøk på nytt.