Spesialisthuset har som mål å gjere spesialiserte helsetenester meir tilgjengelege for folk på Sunnmøre. Difor er vi svært glade for å kunne ønskje sjømannslege Ørjan Yri og verksemda Hav & Helse velkomne til våre lokale i Ørsta.
.png)
.png)
Frå våren 2026 er Ørjan til stades hos Spesialisthuset annakvar torsdag og tilbyr helsesertifisering for sjøfolk, offshoretilsette og yrkesdykkarar. Dette er tenester som mange i regionen har behov for, og som no blir lettare tilgjengelege lokalt.
Sunnmøre er eit av dei viktigaste maritime områda i landet, med eit stort tal sjøfolk og tilsette knytte til den maritime næringa. For mange betyr dette regelmessige helseattestar og medisinske vurderingar som er nødvendige for å kunne utføre arbeidet sitt. Med Hav & Helse på plass i Ørsta blir vegen kortare og tilgangen enklare.
For oss i Spesialisthuset er dette eit godt døme på korleis vi ønskjer å utvikle verksemda vidare. Vi vil vere meir enn ein spesialistklinikk. Vi ønskjer å vere ein møteplass for dyktige fagfolk og bidra til at innbyggjarane i regionen får tilgang til fleire helsetenester nær der dei bur og arbeider.
Ørjan Yri har lang erfaring som lege og har det siste året bygd opp Hav & Helse som eit spesialisert tilbod for den maritime næringa. Verksemda har allereie hjelpt fleire hundre klientar frå heile regionen, og vi er glade for at han no vel å etablere delar av praksisen sin hos oss.
Dette er heilt i tråd med visjonen vår: å gjere spesialistkompetanse og helsetenester meir tilgjengelege for menneska på Sunnmøre.
Vi ønskjer Ørjan og Hav & Helse hjarteleg velkomne til Spesialisthuset.
Les heile artikkelen i Møre-Nytt:
https://www.morenytt.no/nyheiter/n/xr4yeQ/satsar-for-fullt-paa-sunnmoere