Etter vasektomi, eller sterilisering for menn
Nokre pasientar får med ein pose med smertestillande medikamenter etter inngrepet, dersom vi meiner dette er tenleg.
Vi brukar alltid Paracetamol i jamn dosering (1 g x 4) som «grunnsmøring».
Så kan Etoricoxib leggast til ved behov (90 mg x 1) i eitt til tre døgn.
I tillegg gir vi av og til Oxycontin 5 mg tablett, som kan takast ved behov, i tillegg til dei andre medikamenta.
Dette er eit kraftigare morfinliknande stoff. Oxycontin er ofte mest aktuelt første kveld/natt når smertane er verst, og du kanskje får problem med å sove.
Vi anbefalar å halde seg mykje i ro det første døgnet etter slike operasjonar. Unngå tunge løft og trening dei første dagane.
Det er god blodsirkulasjon i pungen, og lite motstand mot blødning dersom det skulle være små sivblødningar i vevet. Dette gjer at det er vanleg å få blodansamlingar og hovne opp i pungen etter inngrepet.
Dette vil i dei aller fleste tilfella være sjølvbegrensande og heilt ufarleg. Kroppen rydder opp og ordnar dette sjølv. Men det tar tid for kroppen å bryte ned større blodansamlingar fullstendig, typisk fleire veker.
• Det er ingen sting som skal fjernast.
• Du behøver ikkje bruke bandasje/plaster.
• Du kan dusje ca 2 døgn etter inngrepet.
Vi har fjerna ein liten del av sædlederen, og denne er sendt inn til mikroskopisk undersøking for å bekrefte at inngrepet er vellukka.
Sædprøve etter 12 uker er obligatorisk for å bekrefte fravær av sædceller. Du må bruke prevensjon heilt til vevsprøvesvaret er klart.
