Hudforandringar er eit fellesnamn for utvekstar, klumpar eller flekkar på huda som skil seg ut frå det normale. Dei fleste er ufårlege, men nokre kan gi plager eller skape uro – særleg om dei endrar seg, klør, blør eller veks raskt.
Vanlege hudforandringar vi vurderer og eventuelt fjernar:
Fyrst vurderer vi forandringa nøye. Det viktigaste er å utelukke farlege hudsjukdomar – som til dømes føflekkreft (malignt melanom).
Når fjerning er aktuelt, finst det fleire trygge og effektive metodar:
Hos oss får du skånsam og effektiv fjerning av dei fleste hudforandringar i lokalbedøving. Inngrepet tek vanlegvis 15–30 minutt. Vi fokuserer på godt kosmetisk resultat, kort tilhelingstid og minst mogleg arrdanning.
Har du ei hudforandring du lurer på? Vi hjelper deg med vurdering og tilråding – trygt, raskt og utan tilvising.
I ansikt | + 4000,-
Tillegg per forandring | + 2200,-
Mikroskopisk undersøkelse | + 800,-
Vask området grundig før inngrepet. Sei ifrå om eventuelle medisinar du brukar.
Kirurgen markerer området og fjernar føflekken med skalpell eller spesialutstyr under lokalbedøving. Heile prosedyren varer vanlegvis 15–30 minutt.
Hald snittet reint og tørt. Bytt bandasje dagleg og unngå vatn direkte på området dei første dagane. Unngå sollys på arret for å hindre misfarging.
