Hydrocele

Kul eller hevelse i pungen

Kul eller hevelse i pungen har oftast ei godarta årsak. Likevel bør alle nyoppdaga forandringar undersøkjast av urolog for å utelukke meir alvorleg sjukdom. Dei vanlegaste årsakene er vassbrokk (hydrocele) og sædbrokk (spermatocele). Begge tilstandane er godarta, men kan gi ubehag dersom dei blir store.
Hydrocele
25500,-
Pris inkludert bedøving / sedasjon
Bestill time

Trygg og effektiv operasjon

Med eller utan sedasjon

Reis heim same dag

Krev konsultasjon hjå urolog for indikasjonsstilling

Forberedelser ikon med sjekkliste

Kva førebuingar må eg rekne med?

Du vil få informasjon om faste og eventuelle tilpassingar av medikament før operasjonen. Det er viktig at du informerer oss dersom du bruker blodfortynnande medisinar, har allergiar eller har andre sjukdommar som kan påverke behandlinga. Du bør møte i komfortable klede og ha nokon som kan følgje deg heim dersom inngrepet blir utført i narkose.

Under proseyren et sykehusbygg

Kva skjer under konsultasjonen?

Operasjonen blir vanlegvis utført i narkose og tek om lag 30–45 minutt. Kirurgen legg eit lite snitt i pungen og tømmer ut væska rundt testikkelen. Deretter blir hinna som har danna væskeansamlinga fjerna eller omforma slik at risikoen for tilbakefall blir mindre. Såret blir lukka med sjølvoppløyselege sting. Sidan inngrepet blir utført i narkose, vil du ikkje kjenne smerter under sjølve operasjonen.

Etter prosedyren bilde av et plaster

Kva må eg tenkje på etterpå?

Etter operasjonen blir du observert ei kort stund før du reiser heim. Dei fleste kan gå heim same dag. Det er vanleg med ømheit, hevelse og noko misfarging i pungen dei første dagane og vekene etter inngrepet. Mange opplever at pungen kan vere større enn forventa i ein periode på grunn av hevelse og blodansamling. Dette er ein normal del av tilhelinga og går som regel tilbake gradvis i løpet av nokre veker. Vi tilrår støttande undertøy den første veka etter operasjonen. Dusjing er vanlegvis tillate frå dagen etter inngrepet. Tung fysisk aktivitet, trening og tunge løft bør unngåast i om lag to veker. Dei fleste treng sjukemelding i om lag éi veke, avhengig av arbeidssituasjon.

Behandlingsanvarleg lege urologi
Stian B. Dahle | Urolog
1
2
3
Kontakt oss

Få med deg siste nytt frå Spesialisthuset

Tusen takk - vi setter stor pris på din interesse!
Oops! Noe gikk galt under innsendingen av skjemaet. Forsøk på nytt.