Eit ganglion er ein væskefylt cyste som oppstår fråleddkapsel eller seneskjede og definert som ein godarta kul. Dei er vanlegastpå oversida av handleddet, men kan òg finnast på undersida av handleddet,fingrar eller andre leddnære område.
Ganglion kjem ofte hos vaksne, særleg kvinner, og skuldastukjente mekanismar i leddvev eller belastning. Dei fleste ganglion er ufarlige,og kan i mange tilfelle gå tilbake heilt av seg sjølv.
Diagnose vert vanlegvis stilt ved klinisk undersøking. I enkelte tilfelle trengast ultralyd eller røntgen for å utelukke anna årsak.
Behandlinga av ganglion avheng av kor plagsomt det er. Ved milde plager kan ein observere, avlaste eller prøve andre ikkje-kirurgiske tiltak. Ofte kan medikament som hemmar betenning være til hjelp. Ofte kan det også vere aktuelt å trekke ut væska inne i ganglionet med ei nål.
Men dersom kulen er smertefull, hindrar rørsle eller påverkar funksjon, er kirurgisk fjerning (gangliektomi) ofte effektivast.
All kirurgi har ein viss risiko for komplikasjonar, men ved dette inngrepet er helvigvis risikoen låg. Følg råda vi gir for best mogleg resultat.
Konsultasjon | 1900,-
Kontroll | 1300,-
• Utført av erfaren spesialist
• Ingen ventetid
Du får konsultasjon med våre spesialistar der vi kartlegg symptom, funksjon og korleis det påverkar kvardagen din. Vi vurderer om det er behov for avlastning, bildeundersøking eller direkte til kirurgi. Om du bruker medikamenter for blodfortynning bes du gi beskjed om dette.
Operasjonen tek vanlegvis kort tid. Området er bedøvd, og du er vaken under inngrepet.
Etter operasjonen får du bandasjert handa og råd om korleis du skal halde han høgt og redusere hevelse. Du kan forsiktig bevege fingrane for å bevare rørsle og hindre stivheit. Sting blir vanlegvis fjerna etter om lag 10–14 dagar.
