Noko mange har problem med
Åreknutar er utvida og slyngde blodårer som vanlegvis kjem på leggane eller på innsida av låra. Dei skuldast svikt i veneklaffane – små ventilar som til vanleg sørgjer for at blodet renn tilbake mot hjartet. Når klaffane ikkje fungerer som dei skal, samlar blodet seg opp i venene, og dei vert større og meir synlege. Resultatetblir auka trykk i dei overflatiske venene og gradvis dårlegare blodsirkulasjon.

Vanlege symptom er:
👉 Synlege, blåaktige årer som buler ut
👉 Tyngdefølelse eller murrande kjensle i beina, særleg etter å ha stått lenge
👉 Hevelse i anklane som blir verre mot slutten av dagen
👉 Kløe, misfarging eller hudforandringar rundt årene
👉 Krampar eller verk om natta
👉 Sår på leggane
Åreknutar er vanleg og rammar både menn og kvinner. Tilstandener sjeldan farleg, men har ein tendens til å forverre seg over tid. Ubehandlakan åreknuter gi mykje plagar og i nokre tilfelle føre til kroniske sår påleggane.
VedSpesialisthuset kartlegg vi venesystemet grundig med ultralyd (duplex)av lysker og bein. Det blir òg teke digitale bilete for dokumentasjon ogplanlegging. Basert på funna skreddarsyr vi eit behandlingsopplegg.
Ubehandla kan dei av og til føre til sår på huda eller betennelse i venene.
Enkle tiltak du kan gjere heime:
✅ Bruk støttestrømper for å betre blodsirkulasjonen
✅ Hev beina når du kviler
✅ Unngå å stå eller sitje stille lenge
✅ Ver fysisk aktiv jamleg


Vikombinerer moderne mini-invasive teknikkar for best mogleg resultat:
✅ Laserbehandling: Ein tynn sonde vert ført inn i åra og varmar ho opp frå innsida, slik at ho lukkar seg. Dette kallast Endovenøs laserbehandling (EVLA) – lukkar sjuke hovudvener medvarmeenergi.
✅ Mini-invasiv kirurgi (flebektomi) – fjernar synlege åreknuter gjennom ørsmåsnitt i huda.
✅ Sklerosering (injeksjonsbehandling) – Eit stoff vert sprøyta inn i åra som gjer at ho trekkjer seg saman og forsvinn. Dette er oftast ei kosmetisk behandling for mindre forandringar. Dette blir nytta på små overflatiskekarnøster og retikulære årer.

Behandlinga blir utført i lokalbedøving og varer vanlegvis under éin time. Vi behandlar eitt bein om gongen. Etter inngrepet skal du bruke elastisk strømpe (klasse 1) i om lag ei veke. Det er ingen sting som skal fjernast, og pasientane kan reise heim straks etter prosedyren. Som regel kan du gå på jobb same dag eller dagen etter operasjonen.
Dei fleste opplever tydeleg betring av både plagar og utsjånad etter behandlinga. Full effekt av behandlinga kjem som regel innan 4–6 månader. Resultatet er langvarig, men åreknuter kan over tid kome tilbake i mindre grad – særleg ved arveleg disposisjon eller mykje ståande arbeid. Vi anbefalar ein kontroll ca 1år etter operasjonen, denne timen må du sjølv bestille hos oss.
Fordelane er:
✅ Lite smerter og raskt tilbake til aktivitet
✅ Svært gode resultat over tid
✅ Låg risiko for komplikasjonar
Vi tilpassar behandlinga etter plagene og ønskja dine, basert på grundig vurdering og det nyaste innan forsking.
Injeksjonsbehandling | fra 3000,-
Flebektomi per ben | 5000,-
Laseroperasjon ett ben | 25000,-
Vanleg dusj og reinhald før behandlinga. Om du brukar blodfortynnande medikament, må du kontakte oss på førehand for å vurdere om dette er naudsynt, og korleis det skal gjennomførast.
Inngrepet vert utført i lokalbedøving. Laseren varmar opp og lukkar årene frå innsida. Det kan kjennast som lett ubehag, men prosedyren er rask og trygg.
Du kan gå rett heim etter inngrepet. Bruk kompresjonsstrømper i anbefalt periode for best mogleg resultat. Kontakt oss dersom du opplever hevelse, smerte eller andre uvanlege symptom.
