Om oss

Våre verdiar og vår visjon.

La oss fortelje deg kva vi brenn for, og kva vi ønskjer å tilby deg som pasient hos oss.

Trygghet emblem

Tryggleik

Hos oss kan du kjenne deg trygg.
Slapp av, og la oss ta godt vare på deg.
Kompetanse emblem

Kompetanse

Vi er nerdar i faget vårt.
Vi set vår ære i å tilby oppdatert og best mogleg behandling.
Tilgjengelighet emblem

Tilgjenge

Vi vil vere ei helseteneste for alle.
Når du treng det.

Velkommen til Spesialisthuset

Vi er din lokale privatklinikk med spesialkompetanse innan eit breitt spekter av kirurgiske fagområde.
Bilde av fire helsearbeidere iført Spesialisthusets sykehusuniform (scrubs).
Vi er stolte over å tilby behandling av høgaste kvalitet, der tryggleik, kompetanse og tilgjenge står i fokus. Vårt team av erfarne spesialistar og dedikerte medarbeidarar jobbar saman for å sikre at du som pasient får både den beste behandlinga og ei førsteklasses kundeoppleving.

Hos oss står pasienten alltid i sentrum. Vi tek oss tid til å lytte til dine behov og tilpassar behandlinga for å gi deg eit individuelt tilrettelagt forløp. Med moderne utstyr og oppdatert kunnskap sørgjer vi for at du føler deg ivareteken i alle ledd av prosessen – frå første konsultasjon til oppfølging.Vår visjon er å gjere spesialistbehandling tilgjengeleg utan ventetid, der du bur.

Vi veit at helseproblem er belastande, og difor jobbar vi for å redusere ventetida og gjere det enkelt for deg å få hjelp når du treng det. Anten det handlar om ei rutinemessig vurdering eller ei meir omfattande behandling, kan du stole på at du er i trygge hender hos oss ved Spesialisthuset.
Bilde av fire helsearbeidere iført Spesialisthusets sykehusuniform (scrubs).
Trygghet emblem

Trygghet

Hos oss kan du føle deg trygg.
Slapp av og la oss passe godt på deg.
Kompetanse emblem

Kompetanse

Vi er nerder i vårt fag.
Vi setter vår ære i å tilby oppdatert og best behandling.
Tilgjengelighet emblem

Tilgjengelighet

Vi vil være en helsetjeneste for alle.
Når du trenger det.

Vårt team

Les om vårt team av kompetente og hyggelege medarbeidarar.
Jon Hjorthaug profilbilde
Spesialist i generell kirurgi og gastrokirurgi | Fagansvarlig lege
Jon Hjorthaug profilbilde

Jon Backer Hjorthaug er dobbeltspesialist i generell kirurgi og gastrokirurgi, med brei erfaring frå både universitetssjukehus og lokalsjukehus. Han har erfaring frå Oslo universitetssjukehus Ullevål, der han var teamleiar for traumeteamet, og har også arbeidd ved kirurgisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Ved Volda sjukehus har han tidlegare vore seksjonsleiar, og har no fast stilling som overlege ved kirurgisk avdeling.

Jon har spesialkompetanse innan anoproktologi, brokkirurgi og fedmekirurgi, og er særleg oppteken av å utvikle effektive, pasientvennlege behandlingsforløp – spesielt innan dagkirurgi. Han har eit sterkt engasjement for traumekirurgi, og er medlem av NARG – Norske alpine redningsgrupper, der han bidreg frivillig i krevjande redningsoppdrag i fjell og vanskeleg terreng.

Han møter pasientane på ein roleg og tillitvekkjande måte, og er flink til å formidle informasjon enkelt og tydeleg. Han er fagleg ansvarleg lege ved Spesialisthuset.

Halvor Salthammer profilbilde
Spesialist i generell kirurgi og gastrokirurgi | Dagleg leiar
Halvor Salthammer profilbilde
Halvor Kjørholt Salthammer er dobbeltspesialist i generell kirurgi og gastrokirurgi, med erfaring frå fleire av dei største sjukehusa i landet. Han har vore teamleiar for traumeteamet ved Oslo universitetssjukehus Ullevål, og har også jobba ved Rikshospitalet, OUS Aker og ved sjukehuset i Vestfold, Tønsberg.

Han har brei klinisk erfaring og held seg fagleg oppdatert. Spesialfelta hans er anoproktologi, brokkirurgi og generell kirurgi, med fokus på struktur og kvalitet i pasientforløpa.

I tillegg til fast stilling som kirurg ved Volda sjukehus, er han dagleg leiar ved Spesialisthuset, der han arbeider med å utvikle effektive og trygge pasienttenester.

Halvor underviser frivillig som ATLS-instruktør (kurs i behandling av alvorleg skadde pasientar for legar), og er medlem i NARG (Norske alpine redningsgrupper). Han legg vekt på tydeleg kommunikasjon og eit godt møte med pasienten.
Torunn Hjorthaug profilbilde
Sjukepleiar
Torunn Hjorthaug profilbilde

Torunn Ringset Hjorthaug tok sjukepleiarutdanninga på Aker sjukehus i Oslo, og vart ferdig utdanna i 1996. Sidan 2002 har ho arbeidd i akuttmottaket ved Volda sjukehus, der ho har opparbeidd seg brei erfaring innan akuttmedisinsk sjukepleie og pasientbehandling.

Torunn har òg lang erfaring med drift av dagkirurgi, og har ei praktisk og løysingsorientert tilnærming til effektiv pasientlogistikk og trygg behandling.

TAnja Belik profilbilde
Sjukepleiar | Jordmor
Tanja Belik profilbilde

Tanja Belic er sjukepleiar og jordmor med fleire års erfaring frå akuttmottak, intensivavdeling og føde-/gynekologisk mottak ved Ullevål. Ho har mastergrad i jordmorfag frå Universitetet i Søraust-Noreg i Tønsberg, og jobbar i dag som jordmor ved Volda sjukehus.

Ho har òg vidareutdanning i ultralyd, og kombinerer brei klinisk erfaring med trygg og fagleg oppdatert oppfølging av pasientar.

Tanja er kjent for sitt rolege vesen, faglege grundigheit og evne til å møte pasientar med både varme og profesjonalitet. Ho er ein viktig del av teamet ved Spesialisthuset, med særskilt kompetanse innan kvinnehelse.

Gunnar Dagslott profilbilde
Ortoped
Gunnar Dagslott profilbilde

Gunnar Dagslott er spesialist i ortopedisk kirurgi med lang og brei erfaring frå både offentleg og privat verksemd, også som seksjonsleiar ortopedi i Volda. Han har drive allsidig ortopedi med særleg spesialkompetanse innan artroskopi, skulderkirurgi og protesekirurgi.

Gunnar er fagleg grundig, praktisk orientert og oppteken av å finne gode løysingar som gir pasienten betre funksjon og livskvalitet.

Ved Spesialisthuset tilbyr han ortopediske vurderingar og enkel kirurgisk behandling.

Stian B. Dahle profilbilde
Urolog
Stian B. Dahle profilbilde

Stian B. Dahle er spesialist i urologi og har fast stilling som urolog ved Volda sjukehus. Han har tidlegare opparbeidd seg solid erfaring gjennom arbeid ved både Haukeland universitetssjukehus og Ålesund sjukehus, og har brei kompetanse innan utgreiing og behandling av urologiske tilstandar.

Stian er ein viktig fagressurs i urologitilbodet ved Spesialisthuset, og bidreg til at pasientane får rask og trygg tilgang til spesialistvurdering og behandling.

Eivind Vinjevoll profilbilde
Anestesilege
Eivind Vinjevoll profilbilde

Eivind Vinjevoll er spesialist i anestesiologi med lang og brei erfaring frå akutt- og intensivmedisin. Han har arbeida i ei årrekke ved Volda sjukehus, i perioder som seksjonsleiar. Eivind er kjent for sitt faglege engasjement og solide tilstedeværelse i krevjande situasjonar.

Ved Spesialisthuset vil Eivind ha ansvar for anestesi ved kirurgiske inngrep som krev sedasjon eller narkose. Han er oppteken av trygg, effektiv og personleg tilpassa anestesi og spelar slik ei nøkkelrolle i utviklinga av vårt dagkirurgiske tilbod med fokus på kvalitet, tryggleik og pasientkomfort.

Martin Hæreid profilbilde
Strategisk rådgivar
Martin Hæreid profilbilde

Martin Hæreid er ein sentral strategisk rådgivar for Spesialisthuset, og har vore ein viktig del av vårt advisory board sidan oppstarten. Han har solid erfaring frå The Boston Consulting Group, der han har jobba med prosjekt innan forretningsutvikling, driftsoptimalisering og strategiimplementering.

Martin er utdanna innan strategi, økonomi og informatikk frå NTNU, og har omfattande kompetanse innan analyse, operasjonell forbetring og kommunikasjon. Han kombinerer analytisk presisjon med forretningsforståing og evna til å gjere komplekse idear tydelege og handlingsretta.

Gjennom sitt engasjement i Spesialisthuset bidreg Martin med struktur, retning og verdifulle innsikter i utviklinga av ei moderne, pasientfokusert helseteneste.

Følg vårt nyhetsbrev

Tusen takk - vi setter stor pris på din interesse!
Oops! Noe gikk galt under innsendingen av skjemaet. Forsøk på nytt.