Sterilisering for menn

Etter vasektomi, eller sterilisering for menn

Smertestillande

Nokre pasientar får med ein pose med smertestillande medikamenter etter inngrepet, dersom vi meiner dette er tenleg.

Vi brukar alltid Paracetamol i jamn dosering (1 g x 4) som «grunnsmøring».

Så kan Etoricoxib leggast til ved behov (90 mg x 1) i eitt til tre døgn.

I tillegg gir vi av og til Oxycontin 5 mg tablett, som kan takast ved behov, i tillegg til dei andre medikamenta.

Dette er eit kraftigare, morfinliknande stoff. Oxycontin er sjeldan nødvendig, men kan i nokre høve vere aktuelt den første kvelden eller natta.

Gode råd

Vi anbefalar å halde seg mykje i ro det første døgnet etter slike operasjonar. Unngå tunge løft og trening dei første dagane.

Det er god blodsirkulasjon i huda i pungen, og lite motstand mot blødning dersom det skulle være små sivblødningar i vevet. Dette gjer at det er vanleg å få blodansamlingar og hovne opp i pungen etter inngrepet.

Dette vil i dei aller fleste tilfella være sjølvbegrensande og heilt ufarleg. Kroppen ryddar opp og ordnar dette sjølv. Men det tek tid for kroppen å bryte ned større blodansamlingar fullstendig, typisk fleire veker.

• Det er ingen sting som skal fjernast.

• Du behøver ikkje bruke bandasje/plaster.

• Du kan dusje ca 2 døgn etter inngrepet.

Vi har fjerna ein liten del av sædledaren, og denne er sendt inn til mikroskopisk undersøking for å bekrefte at inngrepet er vellukka.

Sædprøve etter 16 veker er obligatorisk for å bekrefte fråvere av sædceller. Du må bruke prevensjon heilt til denne undersøkinga er gjort, og resultatet bekrefta.

Dine erfaringar er viktige for oss.

Enten du har ros, forbetringsforslag eller meiner det er noko vi bør gjere annleis, set vi stor pris på at du seier ifrå.

Du kan fylle ut skjemaet anonymt, eller leggje igjen ei Google-anmelding – det held òg med ei stjernevurdering om du ønskjer det.
Ver merksam på at sensitive helseopplysningar ikkje skal delast i opne kanalar, som Google-anmeldingar.
Anonym tilbakemelding
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.
Klikk her for Google anmelding

Få med deg siste nytt frå Spesialisthuset

Tusen takk - vi setter stor pris på din interesse!
Oops! Noe gikk galt under innsendingen av skjemaet. Forsøk på nytt.