Hudoperasjon

Etter fjerning av føflekker fettkuler, talgcyster, vorter mm

Smertestillande

Nokre pasientar får med ein pose med smertestillande medikamenter etter inngrepet, dersom vi meiner dette er tenleg. Vi brukar alltid Paracetamol i jamn dosering (1 g x 4) som «grunnsmøring». Så kan Etoricoxib leggast til ved behov (90 mg x 1) i eitt til tre døgn. I tillegg gir vi av og til Oxycontin 5 mg tablett, som kan takast ved behov, i tillegg til dei andre medikamenta. Dette er eit kraftigare morfinliknande stoff. Oxycontin er ofte mest aktuelt første kveld/natt når smertane er verst, og du kanskje får problem med å sove.

Gode råd

Såret skal få være i fred første veke etter operasjonen. Du kan dusje etter 48 timar, men unngå vatn direkte på såret. Du kan dusje med plasteret på, og bytte plaster dersom dette blir vått. Vi lukkar huden med intrakutan sutur som forsvinn av seg sjølv, det er altså ingen sting som skal fjernast. La bandasje/plaster være på og beskytte såret i 1-2 veker. Skift plaster hvis det blir blodig eller skittent. Beskytt og støtt gjerne såret med ein papirteip etter at plasteret fjernast (kvit etter hudfarga). Bruk gjerne teipen i inntil 2-3 mndr. Dette for at såret og arret skal gro så fint som mogleg. Unngå helst sollys direkte på arret dei første månadane etter inngrepet for å hindre misfarging.

Dersom du (seinare enn 2 døgn etter inngrepet) får aukande heving rundt såret, raud og hissig hud, aukande smerter, feber eller redusert almennstilstand, må du kontakte oss eller legevakt for å få vurdering av om det kan foreligge ein infeksjon.

Dine erfaringar er viktige for oss.

Enten du har ros, forbetringsforslag eller meiner det er noko vi bør gjere annleis, set vi stor pris på at du seier ifrå.

Du kan fylle ut skjemaet anonymt, eller leggje igjen ei Google-anmelding – det held òg med ei stjernevurdering om du ønskjer det.
Ver merksam på at sensitive helseopplysningar ikkje skal delast i opne kanalar, som Google-anmeldingar.
Anonym tilbakemelding
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.
Klikk her for Google anmelding

Få med deg siste nytt frå Spesialisthuset

Tusen takk - vi setter stor pris på din interesse!
Oops! Noe gikk galt under innsendingen av skjemaet. Forsøk på nytt.