Etter fjerning av føflekker fettkuler, talgcyster, vorter mm
Nokre pasientar får med ein pose med smertestillande medikamenter etter inngrepet, dersom vi meiner dette er tenleg. Vi brukar alltid Paracetamol i jamn dosering (1 g x 4) som «grunnsmøring». Så kan Etoricoxib leggast til ved behov (90 mg x 1) i eitt til tre døgn. I tillegg gir vi av og til Oxycontin 5 mg tablett, som kan takast ved behov, i tillegg til dei andre medikamenta. Dette er eit kraftigare morfinliknande stoff. Oxycontin er ofte mest aktuelt første kveld/natt når smertane er verst, og du kanskje får problem med å sove.
Såret skal få vere i fred første veke etter operasjonen. Du kan dusje etter 48 timar, men unngå vatn direkte på såret. Du kan dusje med plasteret på, og bytte plaster dersom dette blir vått. Vi lukkar huda med intrakutan sutur som forsvinn av seg sjølv, det er altså ingen sting som skal fjernast. La bandasje/plaster vere på og beskytte såret i 1-2 veker. Skift plaster dersom det blir blodig eller skittent. Beskytt og støtt gjerne såret med ein papirteip etter at plasteret fjernast (kvit etter hudfarga). Bruk gjerne teipen i inntil 2-3 mndr. Dette for at såret og arret skal gro så fint som mogleg. Unngå helst sollys direkte på arret dei første månadane etter inngrepet for å hindre misfarging.
Dersom du (seinare enn 2 døgn etter inngrepet) får aukande hevelse rundt såret, raud og hissig hud, aukande smerter, feber eller redusert almennstilstand, må du kontakte oss eller legevakt for å få vurdering av om det kan foreligge ein infeksjon.
Gode råd for å få penast mogleg arr etter eit inngrep
