Hemoroideoperasjon

Etter operasjon for hemoroidar og andre emoroideinngrep som gummiligatur, mariskefjerning (fjerning av hudfoldar), prøvetaking m.v.

Smertestillande

Nokre pasientar får med ein pose med smertestillande medikamenter etter inngrepet, dersom vi meiner dette er tenleg. Vi brukar alltid Paracetamol i jamn dosering (1 g x 4) som «grunnsmøring». Så kan Etoricoxib leggast til ved behov (90 mg x 1) i eitt til tre døgn. I tillegg gir vi av og til Oxycontin 5 mg tablett, som kan takast ved behov, i tillegg til dei andre medikamenta. Dette er eit kraftigare morfinliknande stoff. Oxycontin er ofte mest aktuelt første kveld/natt når smertane er verst, og du kanskje får problem med å sove.

Under finn du våre anbefalingar for den første tida etter våre vanlegaste operasjonar:

Gode råd

Du kan ha ein del smerter etter slike operasjonar. Operasjonssår i endetarmsområdet vil uunngåeleg bli infisert av tarmbakteriar, noko som aukar ubehaget. Vi let såra ligge åpne

(unngår å sy), då dette reduserer risiko for infeksjonskomplikasjonar. Såra gror vanlegvis fint og ukomplisert ila 1-4 veker, avhengig av storleik og pasienten sitt grohald. Vi anbefaler at ein held seg rein med å dusje området med lunkent springvatn (handdusj), eller bruke våtserviettar, etter kvar avføring til såra har lukka seg. Det kan ofte blø litt i denne perioden. Ikkje utsett første dobesøk! Då vil nemleg smertene som regel bli verre når ein først må på do. Hald magen så mjuk som mogleg etter operasjonen, spis fiberrikt, gå turar og drikk rikeleg med vatn.

Dine erfaringar er viktige for oss.

Enten du har ros, forbetringsforslag eller meiner det er noko vi bør gjere annleis, set vi stor pris på at du seier ifrå.

Du kan fylle ut skjemaet anonymt, eller leggje igjen ei Google-anmelding – det held òg med ei stjernevurdering om du ønskjer det.
Ver merksam på at sensitive helseopplysningar ikkje skal delast i opne kanalar, som Google-anmeldingar.
Anonym tilbakemelding
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.
Klikk her for Google anmelding

Få med deg siste nytt frå Spesialisthuset

Tusen takk - vi setter stor pris på din interesse!
Oops! Noe gikk galt under innsendingen av skjemaet. Forsøk på nytt.