Etter operasjon for hemoroidar og andre hemoroideinngrep som gummiligatur, mariskefjerning (fjerning av hudfoldar), prøvetaking m.v.
Nokre pasientar får med ein pose med smertestillande medikament etter inngrepet, dersom vi meiner dette er tenleg. Vi brukar alltid Paracetamol i jamn dosering (1 g x 4) som «grunnsmøring». Så kan Etoricoxib leggast til ved behov (90 mg x 1) i eitt til tre døgn. Av og til gir vi i tillegg Oxycontin 5 mg tablett, som kan takast ved behov. Dette er eit kraftigare, morfinliknande stoff. Oxycontin er ofte mest aktuelt første kveld/natt når smertane er verst, og du kanskje får problem med å sove. Vi nyttar òg Tramadol 50 mg mot sterke smerter. Du bør ikkje køyre bil ved bruk av desse to medikamenta.
Gummistrikkbehandling:
Etter behandling med gummistrikk kan du ha ubehag, avføringstrang og i nokre tilfelle vere svimmel det første døgnet. Då er det tilrådd å ligge ned til det roar seg, vanlegvis etter ein times tid.
Det er vanleg med ei blødning etter 1–2 veker når strikka fell av.
Du kan gå på do som normalt og spise som vanleg, men det er ein fordel å passe på at avføringa ikkje vert hard eller at du vert forstoppa. Drikk derfor nok væske og spis gjerne fiberrik kost. Behandlinga i seg sjølv gjer ikkje endringar i avføringa, men hard avføring og pressing på toalettet kan forverre plagane og hindre betring. Om du likevel blir hard i magen, kan du bruke Laktulose eller Duphalac, som finst reseptfritt på apoteket.
Hemoroideoperasjonar:
Du kan ha ein del smerter etter slike operasjonar. Operasjonssår i endetarmsområdet vil uunngåeleg bli infisert av tarmbakteriar, noko som aukar ubehaget. Vi let såra ligge opne (unngår å sy), då dette reduserer risiko for infeksjonskomplikasjonar. Såra gror vanlegvis fint og ukomplisert i løpet av 1–4 veker, avhengig av storleik og pasienten sitt grohald. Vi tilrår at ein held seg rein med å dusje området med lunkent springvatn (handdusj), eller bruke våtserviettar, etter kvar avføring til såra har lukka seg. Det kan ofte blø litt i denne perioden. Ikkje utsett første dobesøk! Då vil nemleg smertene som regel bli verre når ein først må på do. Hald magen så mjuk som mogleg etter operasjonen, spis fiberrikt, gå turar og drikk rikeleg med vatn.
