Operasjon for trang forhud

Råd for den første tida etter operasjon for trang forhud (fimose)

Smertestillande

Det er vanleg med ømheit og ubehag dei første dagane. Paracetamol er ofte tilstrekkeleg. Bruk smertestillande slik du har fått beskjed av oss, og følg tilrådd dosering.

Ta kontakt dersom smertene er sterke eller aukar, eller ikkje let seg lindre med smertestillande.

Illustrasjon for operasjon ved trang forhud

Kva er normalt?

Hevelse, blåmerke og auka kjensle i penishovudet er vanleg dei første vekene. Det kan ta opptil seks veker før området har fått den endelege utsjånaden.
Normalt dei fyrste dagane etter inngrepet:
Hevelse og blåmerke i 7–14 dagar
Auka ømheit eller kjensle i penishovudet i 2–3 veker
Tørr hud eller sårskorpe på penishovudet
Stramming eller ubehag ved ereksjon i starten
Ta kontakt hvis: 
Sterke smertar som ikkje let seg lindre av smertestillande
Feber, eller puss som siv ut av såret

Gode råd

Følg råda du fekk av kirurgen

Råda frå kirurgen er tilpassa operasjonsmetoden som blei brukt, og går framfor generell informasjon.

Bandasje og sårstell

  • Bandasjen skal vanlegvis falle av innan 24 timar. Fjern han dersom han ikkje gjer det, eller dersom han blir gjennomvåt av urin.
  • Hald området tørt dei første 24–48 timane. Deretter kan du dusje forsiktig, men unngå å bløyte området i badekar.
  • Ikkje sym dei første 2–3 vekene, med mindre du har fått anna beskjed.
  • Stinga løyser seg opp av seg sjølve, vanlegvis i løpet av 2–6 veker.

Penishovudet kan kjennast svært ømt og sensitivt dei første 2–3 vekene. Det kan også bli tørt eller få sårskorpe. Eit tynt lag vaselin kan redusere tørrheit og irritasjon dersom du ikkje har fått beskjed om noko anna.

Klede og aktivitet

  • Bruk laustsitjande klede dei første 2–3 dagane.
  • Ta det roleg den første tida, og vent med tung fysisk aktivitet til såret har grodd og det kjennest greitt.

Ereksjon og seksuell aktivitet

Du vil framleis få ereksjon som vanleg. I starten kan ereksjon gi stramming eller ubehag rundt arret; dette blir vanlegvis betre etter kvart. Unngå samleie og masturbasjon i minst fire veker, eller til såret er heilt grodd. Operasjonen påverkar ikkje utløysing eller fruktbarheit, men kjensla kan opplevast annleis etter full fjerning av forhuda.

Når bør du ta kontakt?

Kontakt Spesialisthuset dersom du får kraftig eller vedvarande bløding, feber, puss, aukande raudme eller hevelse, eller smerter som blir sterkare i staden for svakare.

Dine erfaringar er viktige for oss.

Enten du har ros, forbetringsforslag eller meiner det er noko vi bør gjere annleis, set vi stor pris på at du seier ifrå.

Du kan fylle ut skjemaet anonymt, eller leggje igjen ei Google-anmelding – det held òg med ei stjernevurdering om du ønskjer det.
Ver merksam på at sensitive helseopplysningar ikkje skal delast i opne kanalar, som Google-anmeldingar.
Anonym tilbakemelding
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.
Klikk her for Google anmelding

Få med deg siste nytt frå Spesialisthuset

Tusen takk - vi setter stor pris på din interesse!
Oops! Noe gikk galt under innsendingen av skjemaet. Forsøk på nytt.