Ganglion

Råd for den første tida etter operasjon for ganglion i hand, handledd eller finger

Smertestillande

Det er vanleg med ømheit og moderate smerter i operasjonsområdet dei første dagane. Bruk smertestillande slik du har fått beskjed om, og følg den tilrådde doseringa. Paracetamol er ofte tilstrekkeleg.

Ikkje kombiner ulike smertestillande utan at dette er avklart med lege. Ta kontakt dersom smertene aukar etter først å ha blitt betre, eller dersom dei ikkje let seg lindre med smertestillande.

‍

Kva er normalt?

Det er vanleg med ømheit, lett til moderat hevelse og noko stivleik etter operasjonen. Plagene skal gradvis bli mindre, men det kan ta nokre veker før handa kjennest som vanleg.
Normalt dei fyrste dagane etter inngrepet:
Ømheit og moderate smerter dei første dagane
Lett hevelse i handa, fingrane eller handleddet
Noko stivleik og redusert rørsle i nokre veker
Litt blod i bandasjen det første døgnet
Ta kontakt hvis: 
Sterke smertar som ikkje let seg lindre av smertestillande
Feber, eller puss som siv ut av såret

Gode råd

Følg råda du fekk av kirurgen

Råda frå kirurgen er tilpassa kvar ganglionet var plassert og korleis operasjonen vart utført. Desse råda går framfor generell informasjon.

‍

Hald handa høgt

Hald handa over hjartehøgd så mykje som mogleg dei første 3–4 dagane. Dette kan redusere hevelse, bløding og smerter. Legg gjerne handa på ei pute når du kviler og om natta.

‍

Bandasje og sårstell

• Hald bandasjen rein og tørr.

• Skift bandasjen dersom ho blir våt, skiten, gjennomtrekt eller laus.

• Bandasjen kan vanlegvis sitje på i 7–10 dagar, eventuelt fram til stinga skal fjernast, dersom du ikkje har fått annan beskjed.

• Ta kontakt dersom bandasjen forskyv seg eller kjennest for stram.

• Sting som ikkje løyser seg opp av seg sjølve, blir vanlegvis fjerna etter 10–12 dagar hos fastlegen eller etter avtale med oss.

‍

Rørsle og aktivitet

• Rør fingrane forsiktig med ein gong etter operasjonen.

• Rør handleddet berre så mykje bandasjen tillèt.

• Når bandasjen er fjerna, kan du gradvis starte med varsam rørsletrening av handleddet.

• Unngå tung belastning og aktivitet som gir tydelege smerter den første tida.

‍

Kor raskt du kan gå tilbake til arbeid og trening, er avhengig av inngrepet og kva slags arbeid du har. Litt stivleik og ubehag kan vare i nokre veker. Dersom du ikkje får tilbake normal rørsle, bør du kontakte lege for vurdering og eventuell tilvising til handterapi.

‍

Når bør du ta kontakt?

Kontakt Spesialisthuset, fastlegen eller legevakta dersom du får:

• aukande smerter etter nokre dagar

• feber eller redusert allmenntilstand

• puss eller vond lukt frå såret eller bandasjen

• aukande raudme eller hevelse

• hevelse som ikkje går tilbake

• ein bandasje som kjennest for stram

• fingrar som blir kalde, blå eller numne

‍

Eit ganglion kan kome tilbake sjølv etter operasjon. Ta kontakt dersom du merkar ein ny kul eller får tilbake dei same plagene.

‍

Dine erfaringar er viktige for oss.

Enten du har ros, forbetringsforslag eller meiner det er noko vi bør gjere annleis, set vi stor pris på at du seier ifrå.

Du kan fylle ut skjemaet anonymt, eller leggje igjen ei Google-anmelding – det held òg med ei stjernevurdering om du ønskjer det.
Ver merksam på at sensitive helseopplysningar ikkje skal delast i opne kanalar, som Google-anmeldingar.
Anonym tilbakemelding
Takk! Tilbakemeldinga er sendt.
Noko gjekk gale. Prøv igjen, eller kontakt oss dersom problemet held fram.
Gi ei Google-anmelding

Få med deg siste nytt frå Spesialisthuset

Eg kan når som helst melde meg av. Les personvernerklæringa.
Takk! Du er no meldt på nyheitsbrevet.
Noko gjekk gale. Kontroller e-postadressa og prøv igjen.