Annen operasjon

Smertestillande

-Paracet 1 g 4 ganger i døgnet

-Arcoxia 90 mg 1 gang per døgn

Ved sterke smerter gir vi i enkelte tilfelle med OxyNorm tablettar 5 mg eller Tramadol tablettar 50 mg. Du kan ikkje køyre bil ved bruk av desse tablettane.

Kva er normalt?

Normalt dei fyrste dagane etter inngrepet:
Litt blod i bandasjen
Lette smerter
Kløe mens såret gror
Litt hevelse under såret
Ta kontakt hvis: 
Sterke smertar som ikkje let seg lindre av smertestillande
Feber, eller puss som siv ut av såret

Gode råd

Sårstell og råd etter kirurgisk inngrep

Dei første dagane

Det er normalt at såret er ømt dei første dagane etter inngrepet. Lett hevelse, blåmerke og litt blodig siving frå såret eller bandasjen er vanleg. Smertene skal gradvis bli mindre.

Bandasje

  • La bandasjen sitje urørt dei første 24–48 timane dersom du ikkje har fått andre beskjedar.
  • Dersom bandasjen blir våt, laus eller tilsølt, bør ho skiftast.
  • Når såret er tørt og ikkje lenger siv, kan det ofte vere tilstrekkeleg med eit lite plaster eller ingen bandasje.

Dusjing

Du kan vanlegvis dusje etter 24–48 timar. La vatnet renne over såret utan å gni. Klapp området tørt med eit reint handkle etterpå.

Unngå badekar, boblebad, symjing og badstove til såret er heilt lukka eller til legen har gitt klarsignal. 2 veker er eit trygt tidspunkt.

Aktivitet

Vanleg kvardagsaktivitet er som regel bra, men unngå tunge løft, hard trening og aktivitet som strekkjer eller belastar operasjonsområdet dei første dagane. Kor lenge dette gjeld varierer med type inngrep.

Smerter

Paracetamol er ofte tilstrekkeleg mot smerter. Dersom du toler det og ikkje har kontraindikasjonar, kan betennelsesdempande smertestillande (NSAID) nyttast etter avtale med lege.

Følg doseringa som står på pakninga eller det du har fått anbefalt.

Sting

Dei fleste sår sys hos oss med sting som løyser opp seg sjølv.

Dersom såret er sydd med annan tråd, vil du få informasjon om når stinga skal fjernast eller om det er brukt sting som løyser seg opp av seg sjølve.

Kontakt

Har du spørsmål eller er usikker på tilheilinga, er du velkomen til å kontakte Spesialisthuset.

Ved akutt kraftig bløding, pustevanskar eller annan alvorleg tilstand skal du ringje 113.

Dine erfaringar er viktige for oss.

Enten du har ros, forbetringsforslag eller meiner det er noko vi bør gjere annleis, set vi stor pris på at du seier ifrå.

Du kan fylle ut skjemaet anonymt, eller leggje igjen ei Google-anmelding – det held òg med ei stjernevurdering om du ønskjer det.
Ver merksam på at sensitive helseopplysningar ikkje skal delast i opne kanalar, som Google-anmeldingar.
Anonym tilbakemelding
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.
Klikk her for Google anmelding

Få med deg siste nytt frå Spesialisthuset

Tusen takk - vi setter stor pris på din interesse!
Oops! Noe gikk galt under innsendingen av skjemaet. Forsøk på nytt.