Reisevaksiner sikrar at du er beskytta mot sjukdommar som er sjeldne i Noreg, men framleis er vanlege i andre delar av verda. Kva vaksiner som er aktuelle avheng av kvar du reiser, kor lenge du blir borte, og kva du skal gjere der.
Vanlege reisevaksiner inkluderer vaksine mot Hepatitt A, Hepatitt B, Tyfoidfeber, Gulfeber, Japansk encefalitt, samt oppfrisking av grunnvaksinene (difteri, stivkrampe, poliomyelitt). NHI.no
Vi gir deg medisinsk vurdering av vaksinebehovet basert på reisemål og helsehistorie.
Vi gir råd om alle relevante vaksiner — og sørger for korrekt dokumentasjon dersom reisa krev gyldig vaksinasjons- eller immunitetsstatus.
konsultasjonspris
+
pris for kvar vaksine
+
administrasjonsgebyr per vaksine
Du må ha ein konsultasjon per person som skal reise, men vi kan tilby rabattar til grupper eller familiar som skal reise saman.
Trykk "Kontakt oss" øvst på nettsida, og fyll deretter ut kontaktskjemaet vårt. Du vert da kontakta for å finne ein time som passar ditt skjema og di reise.
Vaksinekonsultasjon | 590,-
Administrasjonsgebyr per vaksine| 250,-
WHO-vaksinasjonskort | 200,-
Pris per vaksine varierer frå ca 250 kr og opp, avhengig av type
Bestill vaksiner så tidleg som mogleg — helst 6–8 uker før avreise. Dette gjer du på vårt bestillingsskjema. Når du har henta resept, kan du bestille tid for vaksinasjon online, eller møte på drop-in (mandagar kl 17-18). Gi oss melding om di planlagde reiserute, aktivitetar og kor lenge du skal være på reisefot. Hvis reisa går til malariautsatte område, får du også råd om malariaprofylakse der det er relevant.
Under vaksinasjonskonsultasjonen: Gjennomgang av vaksinehistorie og helsesituasjon. Individuell vurdering av kva vaksiner som er anbefalt eller naudsynt. Gjennomføring av vaksinasjonar — med godkjent dokumentasjon. Utlevering av internasjonalt vaksinasjonssertifikat (WHO-kort), dersom relevant. Informasjon om biverknader, ettervernsråd og reisehelse generelt.
Etter vaksinasjonen/ før avreise: Sørg for at du har med vaksinekort/WHO-sertifikat på reisa. For nokre land er dette eit krav ved innreise. + Hugs at enkelte vaksiner krev tid for full effekt — ofte 1–2 veker, og nokre krev fleire doser med intervall.
