
Spesialisthuset flyttar inn i moderne lokaler i Tindebygget midt i Ørsta sentrum.
Opprinneleg var oppstart planlagt i Hovdebygda, men behov for planendringar og krav om skredutgreiing gjorde prosessen meir omfattande enn venta.
Heldigvis hadde vi eit godt alternativ klart, og kunne raskt gå over til alternativ lokalisering som på ingen måte står tilbake for dei opprinnelege planane. Tvert imot ser vi at plasseringa midt i sentrum gir fleire fordelar for våre pasientar og samarbeidspartnarar:
-Sentralt plassert ved Ørsta rutebilstasjon og ALTI Ørsta
-Kort veg til Ørsta/Volda lufthavn
-Rett over gata frå Hotell Ivar Aasen– praktisk for tilreisande
Vi tilpassar no lokala til klinisk bruk og er allereie i gang med videokonsultasjonar.
Full klinisk drift vil starte snart, og vi gler oss til å ønske pasientar og samarbeidspartnarar velkomne til våre nye lokalar– midt i hjartet av Ørsta.

Vi bruker Helseboka for booking av timar og til kommunikasjon med deg som pasient. Dette betyr enklare og tryggare kommunikasjon for deg som pasient. Her loggar du inn med BankId og kan velje behandling, spesialist og time etter ditt eige ønske. Videokonsultasjon er eit sikkert og enkelt alternativ til vanleg time.
Via meldingar i helseboka kan du få prøvesvar og meldingar frå din behandlar på ein trygg måte.
Om du lurar på noko, ta berre kontakt med oss og vi hjelper deg!


Følg oss på sosiale medier og hald deg oppdatert på våre tilbod og vår utvikling!