Leddsmerter

PRP-behandling hjå ortoped – meir enn berre ein injeksjon

PRP (Platelet-Rich Plasma) er ei behandling der ein nyttar kroppen sine eigne blodplater for å stimulere naturlege reparasjonsprosessar ved mellom anna artrose, seneskadar og belastningsplager. Men det viktigaste spørsmålet er ofte ikkje om behandlinga blir gitt – det er om ho faktisk er rett for deg.

<<Tilbake til nyhetsoversikt

Hos Spesialisthuset blir alle som vurderer PRP først undersøkte av ein erfaren ortoped. Det betyr at du ikkje berre får tilbod om ei behandling, men ei grundig medisinsk vurdering av kva som er årsaka til plagene dine, om PRP er eit godt alternativ, og kva resultat du realistisk kan forvente.

I nokre tilfelle er PRP ei god løysing. I andre tilfelle kan trening, andre injeksjonsbehandlingar eller kirurgi vere meir aktuelt. Målet vårt er alltid å finne den behandlinga som passar best for deg – ikkje å tilby den same løysinga til alle.

PRP-behandlingane ved Spesialisthuset blir utførte av ortopedane og leddkirurgane Gunnar Dagslott og Harald Topphol. Begge er velkjende namn innan ortopedi på Sunnmøre og har lang erfaring med utgreiing og behandling av ledd- og senelidingar. Når du kjem til oss, kan du vere trygg på at behandlinga byggjer på solide faglege vurderingar og mange års klinisk erfaring.

Det gir ei ekstra tryggleik å vite at vurderinga blir gjort av spesialistar som arbeider med nettopp desse problemstillingane kvar dag. Først når vi er samde om at PRP er rett behandling for deg, går vi vidare med behandlinga.

Få med deg siste nytt frå Spesialisthuset

Tusen takk - vi setter stor pris på din interesse!
Oops! Noe gikk galt under innsendingen av skjemaet. Forsøk på nytt.