Etter flere måneders forberedelser åpner Spesialisthuset dørene i Ørsta. Her kan pasienter få rask time hos spesialist – uten henvisning og uten ventetid. Målet er å gjøre spesialisthelsetjenester bærekraftige og mer tilgjengelige for folk i regionen, med kort vei og tid til den enkelte pasient.


Etter mykje førebuing og arbeid er Spesialisthuset i Ørsta no offisielt ope.
Frå og med måndag 10. november 2025 kan du bestille time til spesialist – med kort ventetid.
– Vi ønskjer å skape eit løft for spesialisthelsetenesta i regionen – med korte ventetider og nærleik til pasienten, fortel dagleg leiar Halvor K. Salthammer ved Spesialisthuset.
Han peikar på at mange små og mellomstore helseproblem med fordel kan løysast trygt utanfor sjukehusa, og at dette frigjer verdifull kapasitet til dei som treng mest.
Hos Spesialisthuset får du spesialistvurdering og behandling innan fleire fagområde:
Urologi – plager med vannlating, trong forhud (fimose), hevingar eller kular
Ortopedi – leddsmerter, senebetennelsar og injeksjonsbehandlingar
Gastrokirurgi – hemoroidar, føflekkar, lipom og hudforandringar
Generell kirurgi – mannleg sterilisering (vasektomi, no endeleg tilgjengeleg i regionen) og behandling av åreknutar med laser eller skleroterapi
Ved behov utfører vi ultralyd-undersøkingar og mindre inngrep som injeksjonsbehandlingar mot leddsmerter.
– Mange av tilstandane vi behandlar krev spesialistkompetanse, men ikkje store sjukehusressursar.
Om det trengst vidare kirurgisk behandling som ikkje blir utført hos oss, sørgjer vi for utgreiing, klargjering og tilvising vidare – både til offentleg og privat behandling, alt etter kva du ønskjer sjølv.
Mange har helseforsikring gjennom arbeidsgivar. Dersom du har forsikring, kan du alt no ta kontakt med forsikringsselskapet ditt for å få utgreiing og behandling hos oss med dekning gjennom forsikringa.
Vi har alt avtale med fleire selskap og arbeider fortløpande med å få på plass fleire.
Spesialisthuset brukar Helseboka som trygg og enkel plattform for bestilling, kommunikasjon og videokonsultasjonar.
Ved innlogging med BankID kan du bestille time, delta i videokonsultasjon og motta prøvesvar og oppfølging – alt på ein sikker og brukarvennleg måte.
Du treng ikkje henvisning hjå oss. Konsultasjonar og behandlingar blir no tilbydde på ettermiddag og kveldstid, slik at du slepp å ta fri frå jobb.
Vi etablerer etter kvart faste dagar for dei ulike fagområda.
– For oss handlar dette ikkje berre om å skape eit nytt tilbod, men om å bidra til ei meir berekraftig helseteneste der ressursane blir brukt rett.
Velkomen til Spesialisthuset – eit nytt, moderne helsetilbod midt i Ørsta sentrum.
Kort veg, gratis parkering og spesialistar med tid til deg.