aktuelt

Vi flyttar til nye lokale i hjartet av Ørsta

Vi flyttar inn i moderne, sentrale lokale – og gler oss til å ønskje pasientar og samarbeidspartnarar velkomne til eit nytt kapittel for Spesialisthuset.

<<Tilbake til nyhetsoversikt

Spesialisthuset flyttar inn i moderne lokaler i Tindebygget i Ørsta sentrum.
Opphaveleg var oppstart planlagt i Hovdebygda, men omregulering og påkravd skredutgreiing gjorde prosessen meir omfattande enn venta.

Heldigvis hadde vi eit godt alternativ klart, og kunne raskt gå over til lokale som på ingen måte står tilbake for dei opphavlege planane.
Tvert imot gir dei fleire fordelar for pasientane og samarbeidspartnarane våre:

✅ Sentralt ved Ørsta rutebilstasjon og ALTI Ørsta
✅ Kort veg til Ørsta/Volda lufthamn
✅ Rett over gata frå Hotell Ivar Aasen – praktisk for tilreisande

Vi tilpassar no lokala til klinisk bruk og er alt i gang med videokonsultasjonar.
Full klinisk drift startar snart, og vi gler oss til å ønskje pasientar og samarbeidspartnarar velkomne til våre nye omgjevnader – midt i hjartet av Ørsta.

Følg vårt nyhetsbrev

Tusen takk - vi setter stor pris på din interesse!
Oops! Noe gikk galt under innsendingen av skjemaet. Forsøk på nytt.