Råd om den første tida etter operasjon for åreknutar
Nokre pasientar får med ein pose med smertestillande medikamenter etter inngrepet, dersom vi meiner dette er tenleg.
Vi brukar alltid Paracetamol i jamn dosering (1 g x 4) som «grunnsmøring».
Så kan Etoricoxib leggast til ved behov (90 mg x 1) i eitt til tre døgn.
I tillegg gir vi av og til Oxycontin 5 mg tablett, som kan takast ved behov, i tillegg til dei andre medikamenta.
Dette er eit kraftigare, morfinliknande stoff. Oxycontin er sjeldan nødvendig, men kan i nokre høve vere aktuelt den første kvelden eller natta.
Aktivitet og jobb:
Du kan bevege deg fritt og være i tilnærma normal aktivitet etter operasjonen, allereie samme dag som inngrepet.
Vanlegvis er det ikkje naudsynt med sjukemelding.
Kompresjonsstrømpe:
Vi anbefalar bruk av kompresjonsstrømpe heile det første døgnet etter operasjonen. Deretter anbefalast bruk på dagtid i ei veke.
Sårstell:
Såra er minimale, gror vanlegvis svært raskt og treng ikkje særskilt stell. Vi anbefalar å halde såra tørre i to dagar etter inngrepet. Deretter kan du dusje. Bandasjane kan sitte på denne tida, -dusj med bandasjer på, -da er dei lette å ta av etterpå. Tørk som vanleg. Etter dette er det ikkje naudsynt å dekke til såra.
Om du opplev noko som unormalt, nøl ikkje med å ta kontakt med oss.
