Ortopedvurdering inkludert i injeksjonen
PRP, hyaluronsyre og kortison
Bestill direkte – utan tilvising
Plagar i kne, hofte eller skulder? Ein erfaren ortoped vurderer årsaka og om injeksjonsbehandling passar for deg.
Hjå Spesialisthuset i Ørsta får du ei grundig vurdering og ein plan for vidare behandling. Vi tek imot pasientar frå heile Sunnmøre.
Leddinjeksjonar frå kr 3 000 per ledd. Konsultasjon med ortoped er inkludert.
Bestill time for leddinjeksjonBerre konsultasjon? Bestill ortopedtime – kr 1 900
Du treng ikkje vite kva injeksjon du skal velje. Ortopeden vurderer kva som er aktuelt for deg. Målet er mindre smerte og betre funksjon; effekten varierer frå person til person.
Vi tek ei blodprøve og konsentrerer dine eigne blodplater før injeksjonen. PRP kan vurderast ved leddslitasje og enkelte seneplager. Effekten kjem gradvis, og fleire behandlingar kan vere aktuelt.
Første behandling | 5 200,-
Vidare behandling | 5 000,-
Hyaluronsyre er ein naturleg del av leddvæska og har ein smørjande funksjon. Injeksjon kan vurderast ved artrose, ut frå plagene dine og ortopeden si undersøking.
per behandling | 4 100 ,-
Kortison dempar inflammasjon og kan gi raskare, ofte kortvarig lindring. Ortopeden vurderer nytte og risiko. Gjentekne injeksjonar må vurderast med varsemd.
per behandling | 3 000,-
Alle prisar er per ledd og inkluderer konsultasjon med ortoped. Ultralydrettleiing blir brukt ved behov. Dersom injeksjon ikkje er aktuelt, betalar du berre for konsultasjonen: kr 1 900.